Berekraft
Miljøfyrtårn-sertifisert verksemd
Nord-Berg AS er miljøfyrtårn-sertifisert, noko som inneber at vi har eit tredjepartsgodkjend miljøleiingssystem. Gjennom den årlege innrapporteringa har vi særleg fokus på energiforbruk, transport, avfall og arbeidsmiljø. Vi driv eit koninuerlig forbetringsarbeid innanfor klima, miljø og arbeidsmiljø med mål om å vere ein ansvarleg aktør i anleggsbransjen.
Som maskinentreprenør veit vi at arbeidet vi gjer medfører klimagassutslepp og miljøpåverknad. Derfor arbeider vi systematisk for å redusere dei negative effektane av prosjekta vi utfører for kundane våre.
For deg som kunde betyr sertifiseringa at vi er ein samarbeidspartnar som har eit dokumentert miljøarbeid og som er i stand til å levere prosjekt på ein effektiv, trygg og framtidsretta måte - med både kunden og miljøet i fokus.